PADLETUR I PARADIS

Postet av Nordhordland padleklubb den 2. Mai 2017


Hei godtfolk: hald av lørdag 20.mai til padletur i Austrheim!

I samarbeid med Kilstraumen Vertshus arrangerer NHP heildags padletur i øyriket i Austrheim.
Start og innkomst ved Kilstraumen Vertshus.
Vi tenkjer oss 2 ambisjonsniå, der dei mest vår-yre og bølgekåte tek ei ytre lei med lunsj i det fri, gruppe 2 tek ei rolegare og gjerne mindre eksponert rute, også med ute-lunsj. Keipane kystlag er spesielt invitert med sine robåtar; dei blir nok med i gruppe 2. Her blir det lågare fart, passar godt for mindre erfarne / trente padlarar.
Vi håpar å få med lokalkjende guidar på begge turane, i alle fall på tur 2. Vind og vær bestemmer lengde på turane; dette er først og fremst koseturar!
Reknar med at alle er svoltne etter ein dag på sjøen, så det er høve til å få kjøpt god middag i Kilstraumen til subsidiert pris.
Det er også torgdag i Austrheim laurdagen.
Transport, oppmøtetid og andre praktiske detaljar kjem vi tilbake til om kort tid, evt betaling / spleising på transport likeså.
Inviter gjerne med kompisar / kjenningar frå andre klubbar!

VELKOMMEN TIL PADLEPARADISET AUSTRHEIM 20.5!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc