Havsportveka og Rongevær - overnatting

Postet av Nordhordland padleklubb den 29. Jul 2014


Havsportveka 2014 er like om hjørnet, og tradisjonen tru har NHP leigd Rongevær kurs-og konferansesenter heile Veka, dvs 4.8-11.8.

Som ei markering av at NHP fyller 10 år i 2014 tek vi på oss spanderbuksene og tilbyr gratis innkvartering i Rongevær denne veka. Tilbodet gjeld alle.

Ved påmelding innan 27.7 vil medlemmer bli prioritert, etter denne dato gjeld «først til mølla»..
44 senger totalt, grusa uteplass for teltfrikar..

Det kulinariske er ikkje ferdigdrøfta enno, men vi har forstått at sjømat-opplegget med dykkerklubben ifjor var populært; skal vi kanskje prøve noko liknande i år? Eller kanskje drive eigen matauk, dvs fiske frå kajakk? Vi tek gjerne imot kreative innspel vedr dette! Forresten veldig fint viss nokon melder seg til dugnad!

Vi legg ellers ikkje opp til at NHP kjøper inn/lagar til fellesmat, då dette krev stor dugnadsinnsats. Men vi fyrer opp grillen!

Det er godt med sengeplassar i Rongevær, for det meste dobbeltrom, nokre fellesrom. Dei som ønskjer innkvartering må ganske kjapt kontakte meg på epost, evt sms på mobil 9703 3236.
Treng følgjande: namn, mobilnr/epost, klubbmedlemskap, evt ønskje om romkamerat, spesielle ønskje/allergiar i matvegen, evt andre opplysningar du meiner er relevante.

Vi ønskjer alle padlevenner, medlemmer og andre, frå fjern og nær, velkomne til Rongevær! Bli med oss og feir våre første 10 år J!

For Veka-programmet: sjekk www.havsportveka.no

Helsing Audun, 9703 3236

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.