D-dag for inkludering av rullestolbrukarar

Postet av Nordhordland padleklubb den 14. Sep 2014

Onsdag 10.9. fekk vi i NHP besøk av 6 personar med ryggmargskade som ville prøve kajakk. Med seg hadde dei 2 fysioterapeutar og ein ergoterapeut. Dette var ein aktivitet i ei idrettsveke for denne gruppa frå Haukeland sjukehus.
 Etter eit kort besøk i klubbhuset for info og påkledning av tørrdrakter trilla vi ned til naustet, og  alle 6 pluss fysioterapeutane kom seg i kajakkane. To av dei skadde i dobbelkajakk ilag med Daniel Jacobsen og den eine fysioterapeuten, dei andre fire i singelkajakk. Nydeleg ver, men litt sidevind og bølgjer var utfordrande når ein er lam frå brystet / livet og ned. Ein gjekk rundt ufrivillig, og vart greitt kameratredda av Terje Kreybu. To andre tok frivillig velt og gjennomførte standard kamneratredning på suverent vis, fantastisk!
 Dette var ei utruleg spennande og lærerik oppleving for oss i NHP, og også for desse sporty folka.
Vi får tilsendt ei evaluering seinare,, men den umiddelbare tilbakemeldinga frå fysioterapeutane og deltakarane var svært positive!
PS! Det kjem truleg ein artikkel i BT om dette (BT  Sprek).
 NHP er klubben sin, det :).
Audun

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.