Nordhordland Padleklubb, NHP, arrangerer padlecamp

Arrangør: Nordhordland padleklubb

Tid


Beskrivelse

Nordhordland Padleklubb, NHP, arrangerer padlecamp i Rongevær uke 31 - fra 31.07 - med

avslutning 06.08. 2017 med hovedfokus på integrering. Klubben har fått god økonomisk

prosjektstøtte frå Gjensidigestiftelsen, noko som gjer at vi kan tilby gratis opphald for alle.

Prosjektet har hovudfokus på vårt såkalla lågterskeltilbod. Denne gruppa vil dermed ha
førsteprioritet på innkvartering og aktivitetar, men vi satsar også på å gje gode opplevingar for alle
andre.
NHP disponerer det gamle skolehuset i Rongevær med 44 senger. Det er også høve til å ta med eige telt/ lavvo, men der er begrensa med plass for dette, og tildels hardt underlag. Der er dyne og
hovudpute til 44 senger, ta med trekk. Alle tek med eigen mat og nødvendige toalettartiklar.
NHP har grillkull, salt/pepper, saft og frukt. Vi satsar på å fangste sjømat, til felles måltid ca kl. 19 om
kvelden. Ro i campen kl. 23.00. Campen er støtta av Gjensidigetstiftelsen og er alkoholfri.
NHP har kajakkutstyr til utlån men ta helst med eige utstyr viss du kan.
NHP satsar på å tilby grunnkurs, teknikkurs og aktivitetsleiarkurs, men må ta forbehold om nok
påmelde, og tilgang på instruktørar; det siste prøver vi å få avklart i nær framtid. Det er derfor viktig
å melde seg på kurs snarast, før instruktørane blir booka andre stader. Vi arbeider med å få til eit OK
påmeldingsskjema, men for kurs bør du melde deg på allerede no til Audun Håland, epost
audun@munnhola.no !
Vi ønskjer også å tilby turar i dette padleparadiset, prøver å skaffe gode turleiarar og guidar!
NHP gjer merksam på at vi alltid tek vérforbehold ved planlagte aktivitetar og presiserer at deltakarar
må følgje NHP sine sikkerheitsrutiner. For øvrig deltar kvar deltakar på eige ansvar.

For påmelding overnatting / opphald:
kontakt Randi 40292123
eller Nina 41607753 mellom kl 19.00 og 20.00

Oppgi hvor antal påmelde, namn og alder, kva dagar, samt evt ønskje om felles soverom.

Påmelding kurs: audun@munnhola.no

Medlemmer av NHP har førsteprioritet for overnatting, andre er velkomne viss der er køyeplass!

Påmeldingsfrist er 1 juli.

Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Andre arrangementer fra Nordhordland padleklubb

Levert av IdrettenOnline