Tirsdagspadletur 8. juni 2021

Tirsdagspadletur 8. juni 2021


Tid


Me prøver oss på ein tirsdagspadletur på tirsdag 8 juni. 😀 

Oppmøte på Flatøy ved klubbhuset kl 1730 for å laste kajakker på hengaren.

Klar til avgang kl. 1800!

Har ikkje heilt bestemt kor me skal padle, må sjå an ver og vind.

Hugs at det er krav til grunnkurs for å vera med.


Ein må halde ein meter avstand til andre, god handhygiene og vera heima om ein ikkje er heilt frisk.

Påmelding skjer etter prinsippet "Førstemann til mølla".


For å ha oversikt om deltakarane, og eventuell smittesporing, brukar me iSonen for påmelding.


Utstyr:

Det er fortsatt kaldt i vatnet, så kle dykk deretter. Tørrdrakt og ullundertøy er å anbefala. Ei god våtdrakt kan òg gjera nytta.

Om nokon treng å låne utstyr i klubben, må ein sjå til at det er eit begrensa antal deltakarar inne i klubbhuset på same tid.


Smittevern:

Eigenredning bør sitje hjå kvar enkelt deltakar, slik at ein unngår fare for direkte fysisk kontakt ved eventuell kameratredning.

Me føl retningslinjer frå Folkehelseinstituttet ( FHI) og Alver kommune, og anbefalingar frå Norges padleforbund.

Ved innføring av strengare smitteverntiltak må me ta forbehald om at arrangementet kan verta avlyst eller redusert.

Etter turen på alt av utstyr vaskast/ desinfiserast om det skal brukast rett i etterkant.


Om du har spørsmål, har eg tlf 976 85 475, eller send ei melding på Messenger.


Helsing

Torbjørn Leknes


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.