Tirsdagspadling 29. juni 2021

Tirsdagspadling 29. juni 2021


Tid


Me prøver oss på ein tirsdagspadletur på tirsdag 29 juni. 😀 

Oppmøte på Flatøy ved klubbhuset kl 1730 for å laste kajakker på hengaren.

Klar til avgang kl. 1800!

Har ikkje heilt bestemt kor me skal padle, må sjå an ver og vind.

Hugs at det er krav til grunnkurs for å vera med.


Ein må halde ein meter avstand til andre, god handhygiene og vera heima om ein ikkje er heilt frisk.

Tørrdrakt og ullundertøy kan fortsatt anbefalast, men ei god våtdrakt kan óg gjera nytta.

Om nokon treng å låne utstyr i klubben, må ein sjå til at det er eit begrensa antal deltakarar inne i klubbhuset på same tid.

Smittevern:

Eigenredning bør sitje hjå kvar enkelt deltakar, slik at ein unngår fare for direkte fysisk kontakt ved eventuell kameratredning.

Me føl retningslinjer frå Folkehelseinstituttet ( FHI) og Alver kommune, og anbefalingar frå Norges padleforbund.

Ved innføring av strengare smitteverntiltak må me ta forbehald om at arrangementet kan verta avlyst eller redusert.


For å ha oversikt over deltakara, og eventuell behov for smittesporing, vil me loggføra alle som kjem. 

Etter turen må alt av utstyr vaskast/ desinfiserast om det skal brukast rett i etterkant.

Om du har spørsmål, har eg tlf 976 85 475, eller send ei melding på Messenger.

Send meg gjerne ei melding slik at eg veit om det dukkar opp nokon.

Helsing

Torbjørn Leknes


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Andre arrangementer fra Nordhordland padleklubb

Levert av IdrettenOnline