Dagstur til Tysnes, lørdag 8. juni 2024

Dagstur til Tysnes, lørdag 8. juni 2024


Arrangør: Nordhordland padleklubb
Påmeldingsfrist: 06.06.2024 04:00

Tid


Sted

Vis kart

TUR AVLYST/ UTSATT.
Nordhordland padleklubb inviterar til dagstur på Tysnes lørdag 8. juni.
Det vert ein tidleg start, med ferge frå Halhjem kl. 0915 til Våge, overfartstid 35 min.


På Våge parkerar me ved ei båthavn og friluftsområde.
Kartlink: https://maps.app.goo.gl/KgLwAmr8v2QW4TRN6
Sjøsetting rett i nærleiken.

Me padlar retning Godøysund, Solstråleøya.
Lengde ca 15 km
Dette er eit flott padleområde som kan anbefalast.
For å vera med, må ein ha grunnkurs hav.

Det kan jo fortsatt vera kaldt i vatnet, så tørrdrakt er å foretrekke,
men ein vel sjølv kva som passar best av bekledning.


Utstyr kan lånast i klubben.
Transport må kvar enkelt sørge for sjølv, men me prøver å få til samkjøring.
Det vert pause undervegs, så ta med mat, drikke og ekstra klær.
Me satser på retur med ferge som går frå Våge kl. 1600.
Om me ikkje rekk den, er neste avgang kl. 1730.

Tur kan verta avlyst dersom verforhold tilseier det.
Påmeldingsfrist 05. juni 2024.
Dersom spørsmål, kontakt turleiar Torbjørn Leknes, 976 85 475.

Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.