Padletur tirsdag 18. april 2023
Arrangør:
Nordhordland padleklubb
Tid
Me prøver å dra i gong att padling på enkelte tirsdagar.
Først ut vert ein tur i området Risasjøen/ Lindåssluser.
Dersom alle har eige utstyr, vert det oppmøte direkte i båthavna på Risa kl. 1800.
Dersom nokon treng utstyr, må de gje beskjed i god tid, så møtast me på Flatøy ved klubbhuset kl. 1730 med avgang seinast kl. 1800.
Direkteoppmøte på Risa vert i så fall forskjøve til kl. 1830.
Hugs at det er krav til grunnkurs for å vera med.
Fint om dei som vil vera med, trykker ”skal” på vår FB-gruppe, eller send ein av turleiarane ei melding, så har me ein liten indikasjon på antal deltakarar.
Om du har spørsmål, kan du kontakte ein av turleiarane,
Gunnar (tlf: 986 25 928) eller Torbjørn (tlf: 976 85 475)
Helsing
Gunnar Soldal & Torbjørn Leknes
Administratorer
Torbjørn Leknes
Mobil
97685475
E-post: torbjlek@hotmail.com